Opninga av 6 holsbane
(artikkel fra firdaposten)
Det er Florø Golfklubb som på denne måten vil markere at dei har fått opp ei vakker og variert 6-hols treningsbane.
– Med tid og stunder kan det utvidast til ei 9-hols. Men det er eit stykke fram. No gler vi oss over at vi er komne så langt, og så får vi ta det andre etter kvart, seier leiar Ian Cassells og Odd Linseth i banekomiteen.
– Kvar er «Nupen-holet»?
– Det er hol nr. 1, med utslag nær nova i huset der Vidar Nupen budde til nyleg, forklarar dei og peikar. Den restaurerte Borgstova står like bak.
– Kva skjer på opninga?
– Det er først og fremst ei markering. Vi gir enkel instruksjon til dei som vil prøve seg, og fortel litt om golf generelt. Det blir høve til å melde seg på grunnkurs «Veien til golf», fortel dei.


6 hulls golfbane med driving range, trenings green med sandbunker og stort chipping område. 
Sorry, comments for this entry are closed at this time.